Produkt

1 eple

Aroma

Juleple
OPPHAV:
Sverige
UTSJÅNAD:
Middels stort til stort, velforma, flatrund til kjegleforma og utan kantar. Gul grunnfarge, dekka av vakker lyseraud farge.
SMAK:
Mild, fin aroma som minner om Filippa. Spesielt godt eteeple med god balanse mellom sukker og syre.
KONSISTENS:
Skallet er middels tjukt, glatt og noko tørt med glans. Kjøtet er gulkvitt, middels fast og saftig.
HAUSTETID:
Oktober
LAGRINGSEVNE:
Lang (kan lagrast ned til 2 grader), kan helda seg langt utover vinteren.
Aroma kom til Noreg for prøvedyrking allereie i 1966 under namnet BM 31021. Den vart raskt populær og har sidan vore ein av hovudsortane i Noreg. 

Eplesorten oppstod etter ei kryssing mellan sortane Ingrid Marie og Filippa ved Sveriges Lantbruksuniversitet i Alnarp i 1947. Kjerner vart sådde på foredlingsstasjonen Balsgård i 1948 og registrert og marknadsført som Aroma av Balsgård i 1973.

Aroma er hovedsorten vår og ein bestselgar grunna sin gode balanse mellom sødme og syre.
Juleple og borna sin favoritt.
Spildegarden, Nedre Vik 78, 5610 Øystese     •     Tlf: 915 59 879     •     Send e-post
Spildegarden, Nedre Vik 78, 5610 Øystese   -   Send e-post