spildemost

Vår matsvinn ideologi

" Ingenting skal gå til spille berre til Spilde "

På Spildegarden stellar me i hagen heile året for best mogleg kvalitet. 
Me hauster frukt og bær når dei er på sitt beste.
Me leverer sjølv og har dermed kort tid frå ferdig produkt til salg. 
Fyrsteklasses eple og dei med feil i utsjånad  blir vidareforedla til Spildemost.
Epleskrell etter eplepressinga går til dyrefor.
Plommer, bringebær og solbær med skjønnhetsfeil blir sylta.
Me komposterer.

 
Siamesiske%20bringeb%C3%A6r

Visjon

Vår visjon - din smaksgaranti

Italia-markedsf%C3%B8ringsbilder%20219

Når du drikk Spilde skal du få sødmen av eit friskt og moge Hardangereple som du kan nyte året rundt.


Me blandar kunnskap bygd på eldgamle tradisjonar med ny teknologi.

På Spildegarden lagar me sjølve epla som vert til most og sider. Desse vert fyrst plukka når dei er på sitt beste. Eplene vert sorterte manuelt og pressa kvar sort for seg. Berre eple med god utvikla smak vert pressa. Kvar drikk skal variera i utsjåande, lukt og smak etter sin eige karakter og årgang. Me vil ikkje tilsetje noko for å endre på det naturlege.

Spildemost er eit godt alkoholfritt alternativ til mat med variasjonen frå søtt, fruktig til syrleg. Me har Spildemost til ein kvar anledning; som tyrstedrikk, som eit alternativ til vin og brus, som leskedrikk på frukostbordet, til kvardagsmaten eller til festmåltidet.

Spildesider er Sider fra Hardanger på rein eplesort  eller eigne varianter med bær. Sidrane våre  har  variasjonen frå lett sødme, fruktige til lette syrlege. Me er oppteken av smak, farge, lukt og kva mat dei passer til.

Me planter til med nye og gamle eplesortar for å heile tiden skapa nye spennende smakar. Dei raude Spildemostene våre skal smaka av bæra og er balanserte med eplemost i staden for sukker eller andre tilsetjingar.

Då kvaliteten er viktigast fins Spildemost kun i eit begrensa antall som me leverer personleg til handplukka hotell og restauranter. For oss er dialogen og nærleiken til kundane våre viktig.

Me reknar oss som eplemostspesialisten i Hardanger.

Garantert reint eple i kvar dråpe!
Most%20og%20eple%20i%20hagen
Hjerte%20bringeb%C3%A6r

Visjon

Eplemostspesialisten i Hardanger


VERDIANE VÅRE

Ærleg - Kvalitet - Reint - Personleg - Glede - Handtverk - På naturen sine premissar.


STRATEGI

4-trinnsmodellen vår - din garanti.
Personleg:
- Innhausting
- Pressing / fermentering
- Tapping
- Levering
Me har har kontroll og kvalitetssikring i alle ledd fra jord til bord.


FORRETNINGSIDÉ

Gje meny av most og sider på linje med vinmeny til utvalde restaurantar, kafear og hotell.
 

Nytingar frå naturen - vårt handverk!

1%20eple
2015-10-10-3433
IMG_7103