Spildemost

norges beste eplemost m f 1
Spildemost Raud kåra til Norges beste i 2018
06.02.2019
 
norges beste eplemost 2017 1
Spildemost Solbær kåra til Norges beste i 2017
31.01.2018
 
img 1961
Spildemost Elstar og Spildemost Raud blei kåra til Norges beste i 2016
26.02.2017
 

For eplenerden

Alkoholfritt alternativ til vin

Alternativ til kvitvin: Spildemost Bramley Seedling
Alternativ til Raudvin: Spildemost Solbær og Spildemost Bjørnebær
Alternativ til Rosevin: Spildemost Raud med bringebær
F1000011
2015-10-07-3419
Sommerbilder%202007%203%20005

Hovudprodukt

Spildemost

_I8A1230
Nyt eit friskt og moge Hardangereple året rundt.

Spildemost er reine eplemoster med variasjon frå søt til syrleg etter eplesortens karakter. Kvar flaske har sin eplesort.
Finn favoritteplet ditt. Kanskje hugsar du minne fra ei svunnen tid i hagen til bestemor.

Spildemost høver godt til mat då smaken varierer frå søtt til syrleg.

Me leverer personleg til utvalde hotell, restaurantar og kafear.

Det er mange prosessar som skal til for å gje Spildemost den unike kvaliteten. Me blandar kunnskap, bygd på eldgamle tradisjonar, med ny teknologi. 

Mosten er eit reint naturprodukt. Fyrsteklasses eple vert handplukka når dei er på sitt beste og vert pressa direkte for å behalda den friske og gode smaken.
 
Eplesortane vert pressa kvar for seg. Dette gjev Spildemost som høver til ei kvar anledning, og spesielt til god mat. Spildemosten kjem i eit rikt utval med variasjon frå søtt til syrleg. Me har òg raude variantar med innslag av bær. I desse er det smaken av bærtypen som skal vera framtredane og rett eplesort er tilsett for å balansere syre og søtleik.
Most%20og%20eple%20i%20hagen
Gh%20og%20eg%20plukker%20eple
Spildemost kan ein få på både flaske og kartong (bag-in-box.) Den kan kjøpast i det vetle gardsutsalet på Spildegarden eller bestillast. 

Du finn Spildemost på menyen til dei utvalde serveringstadene våre. Klikk her for å sjå oversikt over desse.

For eplenerden

Epleutvinning

Ca. 70 % av eplet.
Litt over 1 kg. eple i ei flaske 0,75 l. Spildemost.
IMG_1739