Produkt

2012-09-24-0144

Discovery

OPPHAV:
England
UTSJÅNAD:
Middels stort, flatrunda eple med gulgrøn botnfarge og ljos raud dekkfarge. Ofte raud farge under skalet og raude trådar inn i det kvite kjøtet.
SMAK:
Mykje sødme og syre. Lett preg av kjernehus og friskleik i avslutninga.
KONSISTENS:
Kvitt og sprøtt kjøt med søt og god aroma.
HAUSTETID:
September - oktober
Discovery er ein engelsk sort med foreldresortane Worcester Pearmain og Beauty of Bath. Sorten vart kryssa fram ved Langham i Essex i 1949, og introdusert av ein planteskule i Suffolk i 1962 under namnet Thurston August. Namnet vart endra til Discovery same år. Sorten kom til Noreg i 1974 og er no ein av hovudsortane.
Discovery begynte me på Spildegarden å dyrka i 1992.