Produkt

apple-james-grieve (3)

James Grieve

OPPHAV:
Skottland
UTSJÅNAD:
Middels stort, rundt eller kjegleforma. Gulgrøn til gul grunnfarge med raude striper og punkt på solsida.
SMAK:
Svært godt eteeple med syrleg smak og ein spesiell aroma.
KONSISTENS:
Skalet er glatt med glans og er feitt når eplet er modent. Kjøtet er gulkvitt, middels fast og ganske fint og saftig.
HAUSTETID:
oktober - november
Sorten har fått navn etter James Grieve som sådde fram sorten frå frø. Den vart introdusert i 1890 på ein planteskule i Edinburgh, der Grieve var ansatt. Etter at sorten fekk pris av Royal Horticultural Society i 1897, vart den raskt spreidd i England. Sorten kom til Noreg, Sverige og Danmark på byrjinga av 1900-tallet og har seinare vore mykje planta.