OM oss

Historia

Frå mjølk til reindyrka fruktgard

2014-09-30-1645%20(2)

1. GENERASJON SPILDE 

«Det vilde vera ei vinning for den slekt som veks opp om dei fekk noko meir kjennskap til ætti, og difor hev eg teke meg fyre å setje upp denne ættetavla»

Dette skreiv Arnvid Davidson Spilde, Oldefar til Geir Henning i desember 1940. At slekt var viktig for han, vitner hans engasjement og det å syte for eigne born. Arnvid var frå Granvin og i tida han vaks opp rekna dei med at det var tre vegar å gå for ungdommen: gardsbruk, underoffiserskulen og reise til Amerika. Han og kona Birgit valde gardsdrift på slektsgarden hennar på Alvsåker.

«Gav ikkje garden nok å liva av, so var det å søkja ut i handel og anna, som det var lettare å finne utkoma ved.» Soleis budde dei ei tid i Stavanger og dreiv handel der.
 
Arnvid%20og%20Birgit%20Spilde%20redigert
Arnvid og Birgit


2. generasjon Spilde

I 1933 overlet dei garden på Alvsåker til eldste sonen. Året etter kjøpte dei gard i Vik i Øystese og overlet den raskt til sonen Arne og kona Sara (besteforeldra til Geir Henning). Det er denne garden som i dag vert driven under navnet Spildegarden.

Arnvid og Arne starta Spilde Planteskule og forsynte Kvam og omegn med fruktre. I tida då garden vart kjøpt opp etter eit konkursbo var det få frukttre på garden. Arne var engasjert i dyrking og hadde gartnarskule bak seg, så det blei raskt planta til med tre her og der på garden.

Då Geir Henning var liten, drog besten han med på eplepressing i eldhuset. Der fekk han smake på råsaft og hengje på bjørkeplanken. Dei edle epledråpane blei pressa ved hjelp av vektarmprinsippet.

Dei siste åra Arne og Sara dreiv garden, selde dei mykje gardsareal. Øystese Gymnas, Kvam Ungdomskule og mange privatboliger i Nedre Vik er eksempel på dette. Arne blei dessverre ikkje så gamal, men Sara levde vidare på garden i to generasjonar og gjekk meir enn gjerne i floren etter fylte 90 år. Hun budde i gardshuset til ho døydde 97 år gamal. Spildegarden var eit naturleg samlingspunkt for slekta.
 
Sara%20og%20Arne%20Spilde
Sara og Arne


3. generasjon Spilde

Det var fyrst då foreldra til Geir Henning, Arnvid og Gunnvor Spilde, overtok garden i 1978 at det blei modernisert frukthage. Arnvid seier i dag at det var fruktdyrking som engasjerte han mest, men mjølkeproduksjon var framleis den største inntektskjelda på garden. Han fortel; "Det var tronge tider og eg gjekk i skogen og felte trær for å forsyna meg sjølv og selje for å halde banken unna." Arnvid vølte driftsbygningane og moderniserte drifta. Både han og kona hadde anna arbeid utanom garden og hadde med det lange og travle dagar. 
 
Gunvor%20og%20Arnvid%20Spilde
Arnvid og Gunnvor


4. generasjon Spilde

Geir Henning overtek garden i 1997 etter fleire år som kokk. For han var det eit naturleg val å overta garden når den eldste broren flytta frå bygda. Ynsket om å behalda garden i familien var sterkt.

Geir Henning dreiv vidare med mjølkeproduksjon og ca. 1,3 mål fruktre fordelt på eple, pære og plomme. På vinteren dreiv han kro ved Furedalstrekket og vedkløyving for ekstra inntekt. Han dyrka til flere teigar for grasproduksjon (Eikjemyre 1997, Haugane og Øvre Lien 1998, Stakkstongmyra 2001.) Han sel all frukt heimefrå, langs vegen og på standar. Dagen før kvar salgstand laga han råsaft slik Besten gjorde det før han. Den blei solgt på 5-liters dunkar og hadde haldbarheit i 3-4 dager i kjøleskap.
 
Gh%20og%20eg%20plukker%20eple
Jane og Geir Henning plukker epler i Lien


Reindyrka fruktgard

Ved ledige stunder dyrka Geir Henning hobbyane sine paragliding og dans. Det var dansen som førte han til Bergen kor han traff Jane som jobba ved danseskulen. Dei blei raskt eit par og Jane flytta til garden i Øystese i mai 2005. Geir Henning hadde då slutta i anna arbeid utanom garden. Med eit sterkt ynskje om å fortsetja med det i framtida, bestemte paret seg for å kunne livnæra seg av garden. Dette blei starten på reindyrka fruktgard på Spildegarden.

Det starta med samdrift, der kyr blei bytta mot frukthage. Parallelt med oppbygginga av fruktfelt, dreiv dei med jordbær som gjev raskare avkastning enn frukttrær. Fruktre ber fyrst frukt etter tre år.                                                                          

I byrjinga hadde Jane anna arbeid i tillegg til garden. Ein gut blei født i 2006 og ei jente i 2009. Etter det har begge jobba fulltid på garden. 
 
Gh%20og%20meg%20i%20frukthagen%202014
Jane og Geir Henning
I perioden 2006 – 2010 blir det planta til nye fruktfelt kvar vår. Det var for det meste eple.  I 2013 auka det òg med plommer. Dei 10 siste åra har Spildegarden økt frukt- og bærproduksjonen sin frå 1,3 mål til over 50 mål.
 
Julen%202005%20105
Ferieminner%202006%20023


Spildemost

I 2006 dreg Jane og Geir Henning på den fyrste studieturen i frukt og vidareforedling.  Etter godkjend prøveproduksjon i det gamle mjølkerommet startar dei produksjon av Spildemost på 3 liter bag-in-box og flasker. Etikettane var heimelaga med bilete av epla (noko som kanskje var  mest vanleg på den tida.) Det blei prøveproduksjon i to år der ulike mostar, både reine og blandingsmostar, vert prøvd. I denne perioda vert løa bygd om frå kyrehald til profesjonelt produksjonsrom. Frå 2008 satsa dei for fullt med produksjon av reine eplesortar på flaske og 3 liter som skal seljast direkte til handplukka restaurantar, hotell og kafear i bergensområdet. Det har dei heldt fram med, men i 2013 supplerte dei med mostar av bær. Dette er raude varianter kor bæra skal prege smaken, medan rett eplesort vert tilsett for balanse og sødme. Spildemost skal vera det naturlege alkoholfrie vinalternativet til god mat. Ein skal kunna oppleva ulike smaksopplevingar med eplemost-meny på lik linje som frå ein vinmeny.
 
DESIGN

Troskjykkjo


Favorittstaden vart i Øvre Lien. Der Jane og Geir Henning stod forelska og kløyvde ved i april 2005, i herleg solskin. Der stod det òg ei gamal troskjykkje med staur i. Den vart rydda og laga til med bord og benkar. Den vart spisestaden når det vart jobba på feltet. 

«Intet sted er vakrere, der den står midt mellom fruktrekkene, bader i sol og med utsikt til fjord og fonn.» 

Det har vorte mange gode stundar og matopplevingar i troskjykkjo. Denne blei raskt sjølve symbolet på Spildegarden, trua på ein reindyrka fruktgard og Spildemost.

Heimelaga etikettar med bilete av troskjykkjo i svart og kvitt la grunnlag for dei etikettane Riss utvikla i 2008. I desse dager i 2016 vert designet endra totalt ved hjelp av Haltenbanken i Bergen, men troskjykkjo vert med vidare.
F1000035

For eplenerden

Troskjykkje

Ein troskjykkje er eit lagringsrom for hesjestaur eller "tro". Slike bygningar står utover på bøane fleire stadar i Kvam. Dei vestnorske grindbygningane høyrar til i ein byggetradisjon med røtar tilbake til forhistorisk tid. Du fin spor etter stolpebygde hus så langt tilbake som for 4000 år sidan, men me kan ikkje slå fast korleis desse vart bygd i detalj. Grindbygde hus blei bygga til oppbevaring av noko som trengde stå tørt men ikkje tett. Til dømes høy og staurar. 
Grindbygg av denne størrelsen blei òg brukt til føremål som utløer og naust. Byggemåten blei òg brukt til større byggverk, slik som løer heime på gardane.

Kvam herad har ei mengd troskykkjer og utløer i grindverk som står utan ytterkledning. Med sin gode og naturlege plassering i kulturlandskapet, sine små dimensjonar, enkle og tydelege utforming er desse troskykkjene på mange måter vorte eit symbol for grindbyga.
nr-11
Oss på Spildegarden