Spildemost

img 1961
Spildemost Elstar og Spildemost Raud blei kåra til Norges beste i 2016
26.02.2017
 
f1000011
gh plukker eple
2015-10-07-3419
img 1769

Hovudprodukt

Spildemost

img 1710
Nyt eit friskt og moge Hardangereple året rundt.

Kvar flaske har sin eplesort. Finn favoritteplet ditt. Kanskje hugsar du minne fra ei svunnen tid i hagen til bestemor.

Spildemost høver godt til mat då smaken varierer frå søtt til syrleg.

Me leverer personleg til utvalde hotell, restaurantar og kafear.
img 1739
italia-markedsf%c3%b8ringsbilder 219
gh og meg i frukthagen 2014
2 glass spildemost
Det er mange prosessar som skal til for å gje Spildemost den unike kvaliteten. Me blandar kunnskap, bygd på eldgamle tradisjonar, med ny teknologi. 

Mosten er eit reint naturprodukt. Fyrsteklasses eple vert handplukka når dei er på sitt beste og vert pressa direkte for å behalda den friske og gode smaken.
 
Eplesortane vert pressa kvar for seg. Dette gjev Spildemost som høver til ei kvar anledning, og spesielt til god mat. Spildemosten kjem i eit rikt utval med variasjon frå søtt til syrleg. Me har òg raude variantar med innslag av bær. I desse er det smaken av bærtypen som skal vera framtredane og rett eplesort er tilsett for å balansere syre og søtleik.
2012-09-24-0144
Spildemost kan ein få på både flaske og kartong (bag-in-box.) Den kan kjøpast i det vetle gardsutsalet på Spildegarden eller bestillast. 

Du finn Spildemost på menyen til dei utvalde serveringstadene våre. Klikk her for å sjå oversikt over desse.

For eplenerden

Epleutvinning

Ca. 67% av eplet.
Omtrent 1 kg. eple i ei flaske 0,75 l. Spildemost.
20160920 184821
img 1723
Spildegarden, Nedre Vik 78, 5610 Øystese     •     Tlf: 915 59 879     •     Send e-post
Spildegarden, Nedre Vik 78, 5610 Øystese   -   Send e-post